Saturday, October 11, 2014

Om MML Om oss Støttemedlemskap Kontakt Engasjerte MOT-ambassadørar BrassWind-festivalen - Program -


Om MML Om oss Støttemedlemskap Kontakt Engasjerte MOT-ambassadørar BrassWind-festivalen - Program - Medlemmer Styret Dirigentar Kornettar Horn Euphonium og Baritone Trombonar Tuba Slagverk Æresmedlemmer mahogany Bilder Historie Sponsor
I 1979 tinga legendariske Philip Jones Brass Ensemble eit stykke av komponisten Derek Bourgeois til Philip mahogany Jones sin aller siste konsert med ensemblet, og dette stykket vart Concerto Grosso , op. 61. PJBE var det første brassensemblet som verkeleg vart berømte, og gjennom karriera gav dei ut over 50 plater, turnerte heile verda, tinga musikk frå ei heil rekkje komponistar og bana vei for andre etter kvart velkjende brassensembler som til dømes London Brass, Canadian Brass og Empire Brass. Svært mange kjende musikarar var innom dette ensemblet i løpet av åra, og oversikta finn du her. Besetninga for Concerto mahogany Grosso , op. 61 er éin pikkolotrompet, to Bb-trompetar, éit flugelhorn, éit valthorn, fire trombonar og éin tuba.
Philip Jones Brass Ensemble, 1981. Frå venstre: John Pigneguy, horn, Michael Laird, trompet, David Purser, mahogany trombone, Raymond Premru, trombone, James Watson, trompet, John Fletcher, tuba, Roger Brenner, trombone, Dennis Wick, trombone, Paul Archibald, trompet, Philip Jones, trompet
Etter dette vart stykket i større eller mindre grad oversett i mange år. Det var for det første for langt til å kunne brukast i konkurransar mahogany med sine 22 minutt, og stykket var lenge omtalt som unplayable mahogany saman med brassbandstykka “Concerto No. 1″ og “Concerto No. 2″ som han hadde komponert på 1970-talet. Sidan den gong har denne påstanden blitt tilbakevist ein del gongar, og ein tillot etterkvart så lange stykker i konkurransar. Concerto Grosso har vorte ein moderne klassikar som har vore mykje brukt i både nasjonale og internasjonale konkurransar med svært stor suksess. Velkjende YBS Band vann til dømes EM to gongar med dette stykket som sjølvvalt.
Om komponisten: Derek Bourgeois (f. 1941) kjem frå Kingston-upon-Thames og har utdanninga si frå Cambridge University og Royal College of Music. Der studerte han komposisjon under Herbert Howells og direksjon under Sir Adrian Boult. Han er ein svært produktiv komponist som til no har komponert 88 symfoniar, 15 concerto ar, 2 operaer, 12 store verk for brassband og 6 symfoniar for janitsjarkorps, mellom anna. Fullstendig mahogany oversikt over alle komposisjonane hans finn du her . Bourgeois har no delvis mahogany pensjonert seg og bur saman med kona Norma i Dorset i England. Les meir om Derek Bourgeois på heimesidene hans.
Følg oss


No comments:

Post a Comment